Instruktørar

Carina Takle-Hillersøy

13719647_10157996365505377_993394075241346148_o
Carina er teateransvarleg i Musikalskulen, og er utdanna drama- og teaterpedagog ved Høgskulen i Bergen. Ho har jobba ved dramalinja på vidaregåande skular i Ålesund og Bergen, og har vore med både som skodespelar og instruktør i fleire store og små framsyningar.
Carina tilbyr også kurs gjennom «Hillersøy Teaterfabrikk».
(Foto: Lisa Melvær Giil)


Ann Kristin Takle Winterthun

Ann KristinAnn Kristin er instruktør i Musikalbarnehagen, og er utdanna barne- og ungdomsarbeidar. Ho har jobba med musikkgrupper for barn i 22 år, og har også halde eit svært populært babysang-tilbod i Florø dei siste åtte åra. Ann Kristin legg stor vekt på at alle barna i Musikalbarnehagen skal bli sett og få utfordringer tilpassa kvar einskild. Samstundes skal barna øvast i å vere ein del av ei gruppe, og følge felles reglar for at det skal vere kjekt og lærerikt for alle i musikalbarnehagen.


Lisa Melvær Giil

22555429_10160196770685377_2659107240205340855_o

Lisa er Florø Musikkteater sin koreograf. Ho har utdanning innan dans frå Bårdar Akademiet, og lærar frå Høgskulen i Bergen. Lisa har under heile studieløpet undervist born og unge innan dans. Ho har vore med i fleire oppsettinger og dansekompani, til dømes ESC dansekompani for samtidsdans i regi av Bergen Dansesenter og Bergen Kulturskule si oppsetting av Nøtteknekkeren i Grieghallen.
(Foto: Lisa Melvær Giil)

 

search previous next tag category expand menu location phone mail time cart zoom edit close