Musikalbarnehagen

Florø Musikkteater sin musikalbarnehage er eit tilbod til barn mellom 4 og 6 år. I musikalbarnehagen har vi fokus på den leikande tilnærminga til sang, musikk og teater.

I Musikalbarnehagen syng vi nye sangar, gamle sangar, leiker med historier og eventyr, dansar til fleire typer musikk, og bruker fantasi og fortelling. Barna speler også på rytmeinstrument og bruker kroppen som instrument. Vi eksprimenterer også med lyd og klang. Samstundes som vi er opptekne av at barna skal få kjenne på høg aktivitet, vil vi også skape rom for ro og avslapping.

Musikalbarnehagen deltek på førestillingar saman med Musikalskulen, i tillegg til at barna held små førestillingar for foreldre gjennom semesteret. For barn i denne alderen er det ikkje sjølve førestillinga som er viktigast, men jobben fram mot den og gleden av å vere ein del av et større felleskap.

Musikalbarnehagen øver kvar tysdag mellom klokka 17.00 og 17.45.

Instruktør: Ann Kristin Takle Winterthun

search previous next tag category expand menu location phone mail time cart zoom edit close