Musikalskulen nivå 2 – 4

Musikalskulen nivå 2 til 4 er eit tilbod til barn frå 2. klasse og oppåver. I musikalskulen er målet at elevane skal få trening i både song, dans og teater. Vi jobbar variert og elevane får trening i skodespelarteknikk, kor- og solosong, og dans/koreografi. Vi er opptekne av at elevane skal bli gode på samarbeid, og det å opptre som eit ensemble, samstundes som dei får utvikle seg individuelt innan song, dans og teater. Sjølvsagt blir det og tid til leik og elevane får moglegheit til å vere med å bestemme noko av det vi skal jobbe med.

Ved musikalskulen er Carina Takle-Hillersøy teateransvarleg, Ann Kristin Takle Winterthun er songansvarleg og på dans/koreografi har vi med oss Lisa Melvær Giil.

Musikalskulen følger skuleåret, og i løpet av vårsemesteret set vi opp ei større musikalframsyning. Elevane får òg små oppdrag rundt i Florø og omegn i løpet av året. Dei to siste åra har vi laga musikkvideo, der elevane først speler inn songen i studio, og deretter lagar ein film til, med dans og teater. Dette er eit kjekt og samlande prosjekt som vi kjem til å fortsette med. 

search previous next tag category expand menu location phone mail time cart zoom edit close