Ensemblet har oppstart hausten 2018, og er eit tilbod til vaksne songarar som ønsker å fordjupe seg i musikalverda.
Ensemblet er ei eigenstyrt gruppe som i utgangspunktet vil ha samlingar ein gong i veka, eller ved behov. I gruppa skal vi jobbe fram mot ei musikalførestilling over nyåret.
Det vil ikkje vere instruktørar i gruppa, så det er venta at vi klarer jobbe åleine med songmaterialet vårt mellom kvar samling. Det føreset også at ein har erfaring med å synge solo.
Dei som ønsker vere medlem i gruppa må stille med to eller tre musikalsongar som dei ønsker å synge under førestillinga. Og har du ein duett du ønsker å synge, er det også mogleg å ta den med på samlinga for å høyre om nokon vil vere med.
Øvingsdag er torsdagar, klokka 18.00. Haustsemesteret 2018 vert gratis.