I 2026 har vi valt å sette opp «Aladdin». Forestillinga er basert på eit manus skrevet for barne- og ungdomsteater av Margrethe Beck Heien. Manuset har ny musikk av Margrethe Beck Heien, Tormod Storsveen Throndsen og Helge Sunde.
I forestillinga møter vi både røvarar i ørkenen, born på borneheim og dukker som blir levande, i tillegg til dei kjende karakterane Aladdin og Sjasmin, den onde trollmannen Jafar og ånden i lampen.
I år har vi valt å jobbe prosjektbasert. Vi har intensive øvingar ein søndag i månaden, fram til sommarferien og fortsett øvingane ut over hausten, til midten av september, då forestillinga skal framførast i Kinosalen på Florø Kulturhus.
Vi har framleis ledige plassar – klikk her for påmelding.
