Florø Musikkteater er ein ideell organisasjon som har som overordna mål å formidle glede og meistring, anten det er gjennom musikaloppsettingar og show, eller gjennom utdanning av unge musikaltalent innan song, teater og dans.
Vi set opp minst eitt musikalshow i året, og speler inn musikkvideoar med elevane i Musikalskulen med jamne mellomrom.
Organisasjonen vart formelt stifta 9. oktober 2014, og sidan den gong har vi hatt ei rivande utvikling: Vi blir berre fleire og fleire medlemmer, og vi utviklar tilbodet vårt stadig.
Hausten 2015 fekk vi på plass det som har blitt eit veksande musikalskuletilbod for barn i grunnskulealder, og i seinare tid har vi fått vår eigen musikalbarnehage som berre tel fleire og fleire barn.
Org.nr: 914 789 699